PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Tom Roger Aadland

Konsert: Tom Roger Aadland

onsdag 13. november kl 20:00 - 23:00, Sentralbadet Litteraturhus

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024.

Onsdag 13. november besøkjer han Odda og Sentralbadet Litteraturhus. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar han har skriva saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad m.fl.).
Det nye albumet (utgjeving fredag 13. september) har tittelen «Lysvandring», og inneheld ni nye låtar som Tom Roger har spelt inn åleine med gitaren.
«Tom Roger Aadland er ein norsk musikalsk skatt som burde vore allemannseige», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då fjorårsalbumet «Skyer» kom ut. Plata hausta mykje kritikarros, og vart nominert til årets album av Norsk Americana Forum. Eig rekkje av Aadlands songar har vorte radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjend som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidla innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levera varene på scena. Det er duka for ei musikalsk feststund på Sentralbadet.

Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast på TicketCo.