lørdag 12. april kl 20:00 - 23:59, Iris Scene
Tove Bøygard er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet.
Ho har gitt ut ni album med eige materiale, blant dei hennar kvadrologi om elementa med platene “Blåe Drag” (2017), “Jord” (2019) og “Eld” (2021) og Kaldt Vatn(2023).Alle dei tidlegare albuma har hausta ovasjonar frå ei samla musikkpresse. Aftenposten kasta terningkast seks for“Jord” og konstaterte at Tove Bøygard er “ein formidabel artist, tekstforfattar og låtskrivar”.Dagsavisen kvitterte med:”Kunne vore Springsteen på sitt beste og mest klartenkte”. Og Dagbladet beskreiv henne som: “Ein god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith”.Bluesnews gav full pott til "Eld" og skreiv: «Eg er lei meg for at det ikkje finst noko over terningkast 6. For eg trur, akkurat no, og spør meg gjerne igjen om eit år, at dette er det sterkaste norske albumet eg har meldt nokosinne! "Tove Bøygard er kjend for sceneopptredenane sine med sterke melodiar og tekstar på hallingdialekt.Formidlingsevne og nærvær er ord som går igjen i skildringar av konsertopplevingar med Tove.
Ho har med seg tre av Noregs dyktigaste og mest allsidige musikarar,dei har med god grunn vorte kalla for «det beste bandet i verda»:Freddy Holm på alt med strenger,Jørun Bøgeberg på bass og Eivind Kløverød på trommer.
Inngang: kr. 250 / kr. 300 (Medl. BLU /Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.