lørdag 28. mars kl 14:00 - 17:00, Iris Scene
Trio de Grimo spelar på Iris Scene 28. mars.
Trioen er inspirert av Braziliansk Bossa nova og Samba, men også av musikk dei ulike musikarane har eit forhold til. Av den grunn er både Tom Jobim,Kari Bremnes og Eric Clapton og andre komponistar representerte. Dei speler både nyare musikk og evergreens, og av den grunn kan ein kanskje seia at ”mangfald” er typisk for Trio de Grimo. Me trur at publikum har eit forhold til fleire av melodiane dei framfører, og me håpar alle vil ha ei hyggjeleg stund saman med oss på Iris Scene i starten av påska.
Namnet til bandet er noko misvisande, då dei ikkje er 3 som i ein vanleg trio, men seks medlemmer. Bente Raaen Widding, vokalist og perkusjon, Håkon Widding, gitar, Kjetil Widding, bass, Øyvind Bjørkevoll, piano, Roald Haustveit, hammondorgel og perkusjon, Tarjei Flotve, trommar.
Dørene åpner kl. 14.00 med konsertstart kl. 15.00.
Inngang: kr. 100 / kr. 200 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.