PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Trollstilt

Konsert: Trollstilt

lørdag 4. april kl 21:00 - 23:59, Iris Scene



Trollstilt frå Odda har sett saman eit låtmateriale som spenner seg frå Fanitullen til Dropkick Murphys og køyrt det i blendaren, noko som har resultert i ein herleg smoothie med alt frå norsk folkemusikk til nyare irsk folkrock. Miksen blir servert med glød og humor frå scena, for denne gjengen garanterer god stemning og hæla i taket!

Settet til Trollstilt består av tradisjonelle irske songar og nyare norsk folkrock, med låtar som mellom anna The Wild Rover, Huldersølv og Sjå Sole. Trollstilt toppar det heile med å strø på nokre keltiske tonar frå det skotske høglandet og litt saftig norsk bygderock. Her får du musikk som får deg til å vilja fylla glaset, svinga deg i dansen til lukta av svei solar stig opp frå danseskoa. Me snakkar fest og moro til heilt oppunder taket, godt mogleg taket løftar seg litt også!
Medvirkande:

Jan Erik strand - Vokal og gitar
Cathrine Gundersen Sjåstad - Vokal
Linda Pedersen - vokal og fløyte
Martin Vintertun Grasdal - Hardingfela og fiolin
Lady Albatross - Pikkolofløyte, tangenter, hardingfela og vokal
Vidar Øiestad - Bass
Marius Vestre - Trommer

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.