PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Trollstilt

Konsert: Trollstilt

lørdag 19. april kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Eitt år etter premieren er dei tilbake på Iris.

Trollstilt frå Odda i Hardanger har sett saman eit låtmateriale som spenner seg frå Fanitullen til Dropkick Murphys og køyrt det i blendaren, noko som har resultert i ein herleg smoothie med alt frå norsk folkemusikk til nyare irsk folkrock. Miksen blir servert med glød og humor frå scena, for denne gjengen garanterer god stemning og hæla i taket!

Settet til Trollstilt består av tradisjonelle irske songar og nyare norsk folkrock, med låtar som mellom anna The Wild Rover, Huldersølv og Sjå Sole. Trollstilt toppar det heile med å strø på nokre keltiske tonar frå det skotske høglandet og litt saftig norsk bygderock. Her får du musikk som får deg til å vilja fylla glasa, svinga deg i dansen til lukta av svei solar stig opp frå danseskoa. Me snakkar fest og moro til heilt oppunder taket, godt mogleg taket løftar seg litt også!
Trollstilt fokuserer på rett sound, me speler hardingfeler, fiolin og pikkolofløyte så det held. Trollstilt legg ikkje skjul på kvar dei kjem frå, landet til folkemusikken, og ikkje minst frå Hardanger, fødestaden til hardingfela. Her kan ein plutseleg få servert ein tradisjonell slått i løpet av showet, på ein kveld med Trollstilt kan det meste skje, så her gjeld det å følgja med.

Bandet består av:
Jan Erik strand - Vokal og gitar
Cathrine Gundersen Sjåstad - Vokal
Martin Vintertun Grasdal - Hardingfela og fiolin
Lady Albatross - Pikkolofløyte, tangenter,
hardingfela og vokal
Vidar Øiestad - Bass
Marius Vestre - Trommer

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på ticketCo.