

No er bandet i studio Amper Tone. Saman med produsent Kjartan Kristiansen frå Dumdum Boys, har dei gitt ut singlane Fylla og Billettar til månen, Ingenting er forgjeves og Mytologier. Singelen Len deg over bordet kom hausten som var, og vidare singeldrypp kan ventast.
Adresseavisa skriv: Kjartan har funne gull (...) På mange måtar høyrest Villskudd ut som DumDum Boys naturlege arvtakarar her, med den seige gitarbaserte rocken og den finurlege, antydande rockelyrikken. Men dei er defintivt noko eige. Ein blir soge inn i låten sitt eige univers, og gjer det gong på gong.
Villskot har gitt ut to plater: Alt er annleis i 2023 og Det kjem til å regna snart i 2024, og dessutan EPdebuten Fallitten.
Tredje studioalbumet kjem ut den 9. april 2026. Utgivinga blir feira på Parkteatret i Oslo same kveld, før bandet gir seg ut på turné.
Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.