PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Vilnes

Konsert: Vilnes

lørdag 20. juni kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Iris Scene inviterer til konsert med Vilnes 20. juni.

Kritikarroste Vilnes byr på ein kraftpakke av ei konsertoppleving med låtar som blandar, country soul, indiepop og americana.

Bandet sleppte debutplata si Outsider i 2025. Alle tre singlar før albumsleppet vart radiolista, og låta Outlaw vart plukka ut til Spotifys speleliste "ein god dose country". 

Etter ein utseld lanseringskonsert har Vilnes vore aktuell med turné i aust og vest, og hausta mykje ros på Øya-tysdag under Øyafestivalen - og nye singelslepp er like rundt hjørnet. 

Frontfigur Eivind Vilnes er tidlegare omtalt som eit «indiepop-geni» (Nordic Music Review) og ein artist «av internasjonalt kaliber», løfta fram som ein vokalist med «imponerande røyst og glimrande formidlingsevne» (BT).

Med seg har han eit drivande dyktig band som har hausta mykje ros for liveopptredenane sine, som mellom anna inkluderer Bergenfest, Klubbøya og Malakoff.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.