lørdag 31. mai kl 21:00 - 23:59, Iris Scene
Young Fogertys kjem til Iris Scene.
Noregs feitaste Creedence Clearwater Revival tributeband. No kjem Young Fogertys til Odda! Bandet har i 18 år reist rundt i Noreg med dei forrykande tolkingane sine av Creedence Clearwater Revival sine låt.
Young Fogertys består av 3 svært erfarne musikarar. Til dagleg spelar dei i kjende band som
Kvelertak, Black Debbath, Thulsa Doom, El Cuero og Kosmik Boogie Tribe. Dei rutinerte
musikarane har fokus på å leggja seg så tett opp mot originalen som mogleg, samtidig som dei
tilfører låtane eit personleg preg. Basert på live-energien Creedence Clearwater Revival hadde
som trio mot slutten av karrieren, gir Young Fogertys alt for å rettferdiggjera arven etter dette fantastiske bandet.
Inngang: kr. 200 / kr. 250 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.