PROGRAMOVERSIKT

Kulturskuleutstillinga 2026

Kulturskuleutstillinga 2026

søndag 7. juni - søndag 30. august , Agatunet

Velkomen til utstilling av elevarbeidet på Agaturnet!

Kulturskuleutstillinga gjer eit innblikk i elevane si utvikling, skaparglede og kunstnariske nysgjerrigheit. Publikum vil få oppleva eit felles prosjekt i form av ein installasjon, samt eit mangfald av bilete laga med tørre- og oljepastellar og akrylmåling. Elevane har arbeidd med fargekomposisjon, fargeblanding og korleis ulike dei kan nytta ulike teknikkar for å skapa personlege uttrykk og stemningar.

Arbeida ber preg av barn si lettheit, fantasi og spontanitet. Dei syner ei imponerande evne til å uttrykke følelsar og idear gjennom kunst. Utstillinga inkluderer også verk av ein vaksen elev som har utvikla sitt kunstnariske språk og tekniske ferdigheiter på ein særleg inspirerande måte. I tillegg er her arbeid laga i samarbeid mellom dei yngste borna og vaksne, noko som tilfører prosjektet varme, nærheit og fellesskap.

Utstillinga opnar sundag 7.juni og står til 30. august. Frå laurdag 13.juni til sundag 30.august er ho open kvar dag frå kl. 11.00 - 17.00.