PROGRAMOVERSIKT

Lesesirkel på Sentralbadet

Lesesirkel på Sentralbadet

onsdag 24. september kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet Litteraturhus

Har du lyst til å lese bøker og snakka om dei?

Vi ladar opp til Litteratursymposiet med boka "Høgfjellsmeldinga" av Guri Sørumgård Botheim, ein av forfattarane som kjem på årets festival.

Boka er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering, villrein og radikale og lokale meiningar. Det er ei medrivande bok, på godt nynorsk, med ei rekke tematikkar som gir grobotn for ein spennande samtale.

Ope for alle, anten ein har lese heile eller halve boka.
Billetten inkluderer eit eksemplar av boka, som kan hentast på Sentralbadet litteraturhus.

Inngang: kr. 159
Billettar kan kjøpast på Sentralbadet Litteraturhus si heimeside.

Alle er velkomne!