PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet 2025

Litteratursymposiet 2025

torsdag 2. oktober kl 00:00 - 00:00, Ullensvang kommune

Set av datoane for Litteratursymposiet i Odda 2025.

ÅRETS TEMA ER EKSPLOSJON!

Eksplosjonen er ei rask og kraftig utviding. Eit bristepunkt, ei øydelegging, ein slutt og ei ny byrjing i same rørsle. Eksplosjon kan romme samanstøyt på fleire plan: forelsking, orgasme og raseri, Bigbang, eksplosiv samfunnsutvikling, konflikt, krig og arbeidsulykker.

Eksplosjonen er det som kan rive oss ut av det kvardagslege og trivielle. Det eksploderer i hjernen når vi får ein fantastisk idé, når vi forstår noko nytt. Det kjennest ekstatisk når vi står heilt fremst på ein stor konsert eller blir rive med av ei bok, når vi blir forelska og kjenner at noko blir utvida, blir større.

Vi lever i ei uroleg tid der verda endrar seg, og ho gjer det raskt. Det ikkje er godt å vite kor det smell neste gong. Det som i alle fall er heilt sikkert er at det kjem til å smelle i Odda 2.-5. oktober, og DU er invitert til å bli med når vi utforskar temaet EKSPLOSJON - frå klima til klimaks!