I 2022 vann oddaforfattaren Leander Djønne Lytternes romanpris i P2 for debutboka si, "Oskespiralen". Denne hausten er han endeleg klar med ny bok, "Alt et".
Tvillingane Våle og Rind er i gravferda til foreldra. Dei skal bu hos besteforeldra, men på garden vert dei skilde frå kvarandre. Besten er grufull, besta er kraftlaus. I ura over garden bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. “Eg er. Eg er ikkje. Brunne i ein vedomn. Frigjord som kvervelvindar av oske. Atterfødd som rovdyr full av kraft. Eg er jerv. Eg er alle mødrer. Glir inn i alt.”
"Alt et" er ein roman om avmakt, nedarva raseri, trolldom og hamskifte som følgjer i dei same spora som "Oskespiralen".
Inngang:
Ordinær billett: kr. 200
Studentbillett: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.