Årets vertskap er Brit Bildøen, Nina Lykke og Leander Djønne, og dei les frå dei nye bøkene sine "Moderat sikt", "Hvor er de voksne?" og "Alt et". Nært, unikt og sjukt heimekoseleg!
MODERAT SIKT
Karl vaknar opp i skogen med store smerter. Han hugsar at han sprang. Han hugsar at han fall. I brokkar og bitar kjem minnet tilbake. Han var på Innsetra, arrangerte rovdyrsafari. Det svartnar for han når han prøver å røre på seg. Kvar er alle dei andre? "Moderat sikt" er ein frittståande oppfølgjar til "Gult farevarsel" og vi møter igjen søskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira. Da familien var samla på Innsetra eit år tidlegare, gjekk det meste gale. Løgnene og dei vonde minna frå denne helga har splitta dei. Men no, når Karl er borte og leiteaksjonen er i gang, må familien legge alt dette bak seg. Kan det vere denne nye katastrofen som skal samle dei igjen?
HVOR ER DE VOKSNE?
Den snart seksti år gamle samlivsterapeuten Ida har mista mor si, som ho hadde eit mildt sagt trøblete forhold til. Men det går betre no. Som daud har mora teke plass i Ida sitt bryst, ikkje i hjartet, men ein stad bak kragebeinet. Der ligg ho og vuggar, seier ikkje så mykje, ho berre følgjer med på det som skjer, ei lav og roleg stemme i øyret. Sigurd, Ida sin vaksne son, har brote med mora, av grunnar han har valt å halde for seg sjølv. Også Harald, ektemann nummer to, har forlate henne. Men livet går sin gang likevel, klientane held fram med å komme, og med dei tidsånda, som Ida kjenner seg meir og meir framand overfor. Og no vil Sigurd plutseleg ha kontakt igjen.
ALT ET
Tvillingane Våle og Rind er i gravferda til foreldra. Dei skal bu hos besteforeldra, men på garden vert dei skilde frå kvarandre. Besten er grufull, besta er kraftlaus. I ura over garden bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. “Eg er. Eg er ikkje. Brunne i ein vedomn. Frigjord som kvervelvindar av oske. Atterfødd som rovdyr full av kraft. Eg er jerv. Eg er alle mødrer. Glir inn i alt.” "Alt et" er ein roman om avmakt, nedarva raseri, trolldom og hamskifte som følgjer i dei same spora som "Oskespiralen".
Inngang:
Ordinær billett: kr. 250
Studentbillett: kr. 125
Billettar kan kjøpast på TicketCo.