PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet 2025: Det året eg vakna

Litteratursymposiet 2025: Det året eg vakna

lørdag 4. oktober kl 13:30 - 14:15, Røldal kultur- og pilgrimsgard

Om naturtap og klimaangst.

Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, i ei personleg forteljing med geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor. Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? 

Inngang: Gratis