otballkampar er ein fristad der ein kan være seg sjølv, eller ein annan. Fotballen kan vekke kjensler ein ikke visste ein hadde: ei form for eksplosjon av glede, sinne, hat og kjærleik om kvarandre. På årets fotballdebatt finn vi fram til dei mest eksplosive situasjonene og temaa, som ofte er høgst subjektive. Heile tida går spelarar, trenarar og tilskodarar i lufta som små bomber rundt om på fotballbanar i Noreg. Til og med i barnefotballen, som eigentleg skal være ein leik. Kva er det med fotballen som får folk til “miste det”?
I panelet er:
Håkon Opdal, pensjonert keeper. Håkon er eigentleg ein rolig type, men har rast frå seg på fotballbanar i over tredve år. Kvar får han utløp for raseriet sitt no?
Frode Grytten, forfattar og odding, har klikka på tribunen på Brann Stadion i ei årrekke. Noko glede har det og vore, men eksplosjonen har aldri vore langt unna.
Henning Bergsvåg, forfattar og bergensar, har klikka saman med Frode på Brann Stadion og hadde sin første eksplosjon der tidlig på 80-talet (?).
Asbjørn Slettemark, musikkjournalist og fotballfan, kjem til symposiet for andre gang.
Sven Bisgaard Sundet, journalist og programleiar, var avlogga smarttelefon og sosiale media i eit heilt år - eit eksperiment for å undersøka effekten på hjernen - og NTNU-forskar gjorde oppsiktsvekkande funn.
Inngang:
Ordinær: kr. 250
Student: kr. 125
Billettar kan kjøpast på TicketCo.