torsdag 2. oktober kl 20:00 - 21:15, Lindehuset
Velkommen til ei forrykande festivalopning i ditt nærmaste tilfluktsrom; Lindehuset!
Vi opnar årets litteratursymposium med brak og brask og bram! Yohan Shanmugaratnam kjem med årets bestillingstekst, dei lokale heltane frå Odda ungdomsskule leverer musikk og sjølvskrivne tekstar det smell av, ordførar Roald Aga Haug kjem for å kaste glans, men får konkurranse frå Frode Grytten sin nyaste karakter, Vetlaordføraren (!), sjonglør Tomm Percy og perkusjonist Kim Christer Hylland fyrer i gang eit show du ikkje vil gå glipp av og bandet Solstorm får heile Lindehuset til å eksplodere! Og til å tenne lunta på det heile: odding og politimeister Ida Melboe Øystese!
Inngang:
Ordinær: kr. 300
Student: kr. 150
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.