torsdag 2. oktober kl 14:00 - 14:46, Odda Bibliotek
Randi Fuglehaug møter Else Marie Sandal til samtale.
Éin loppis. Tre kvinner. Altfor mange ting. Dette er utgangspunktet for Randi Fuglehaug sin nye roman Pent porselen. I boka møter vi tre kvinner som lever med loppis på godt og vondt: Iselin som har fått jobben, mannen, dugnad og loppis langt opp i halsen og drøymer seg bort ved å lese om stygge drap og å snoke i livet til ofra; Sarah som er held seg langt unna loppemarknader om ho kan - bortsett frå dei ho må rykke ut til som ambulansesjåfør; og Berit som sørgjer over kjærasten som er død og som drukner sorgene i brukte skattar på byens loppemarknadar. Pent porselen er ein roman om å vere lukkeleg åleine og einsam saman med andre. Om å miste, men også om å finne igjen.
Inngang:
Ordinær: kr. 200
Student: kr. 100
Billettar kann kjøpast på
TicketCo.