PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet 2025: Varsku her! Sleppfest -Lothepus-manualen: Dette fiksar du!-

Litteratursymposiet 2025: Varsku her! Sleppfest "Lothepus-manualen: Dette fiksar du!"

lørdag 4. oktober kl 12:00 - 12:45, Langhuset Restaurant

Sleppfest i Langhuset på Hjøllo, med Asbjørn Slettemark, Lothepus og forfattar Heidi Molstad Andresen.

Dei fleste av oss tok ikkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår eit pålestikk. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Og kva gjer du om du har svelga to Viagra ved eit uhell? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg "godt nok"?

Denne hausten er heile Norges skytebas, entreprenør, spelemann og campingplass-konge, Leif Einar "Lothepus" Lothe, aktuell med ny bok. Saman med journalist Heidi Molstad Andresen har han skrive ein sjølvhjelpsmanual med alt du treng for å takle livet, kjærleiken - og ein tett vask. I "Lothepus-manualen: Dette fiksar du!" deler Lothe raust av ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa - og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunne.

Inngang: 
Ordinær billett: kr. 250
Stidentbillett: kr. 125
Billettar kan kjøpast på TicketCo.