lørdag 29. november - lørdag 29. november , Tyssohallen
Velkommen til loppemarknad i Tyssohallen.
Velkommen til ein triveleg dag med gjenbruk, gode kupp og sosial stemning i Tyssohallen!
Sett av laurdag 29. november – då arrangerer vi loppemarked der både store og små kan finne skattar frå loft og kjellar.
Det blir også kiosk, der inntektene går til TTIL – så ta gjerne turen innom for ein kaffi og noko godt å bite i mens du handlar.
Gratis påmelding for seljarar!
Vi håpar likevel at nokon som deltek kan bidra med noko til kiosken – ei kake, nokre bollar eller lignande.
Kom og støtt lokalsamfunnet, møt naboar og gjennoppdag gleda ved gjenbruk!
For påmelding eller spørsmål: Stine M. Opedal Berg eller Kristin Elisabet Horne Moe .
Alle er hjertelig velkommen.