PROGRAMOVERSIKT

Marie Curie - ljoset i det usynlege: Hardanger Musikkfest 2026

Marie Curie - ljoset i det usynlege: Hardanger Musikkfest 2026

lørdag 29. august kl 14:00 - 15:00, Krossvoll Samfunnshus

Kva skjer når forsking møter musikk - og lyset treff det me ikkje kan sjå?

Marie Curie opna ei ny verd då ho oppdaga den løynde energien i stoffet. Ho såg det ingen andre såg: eit ljos som kom innanfrå. I denne førestillinga vev forteljar Agnethe Sørlien historia hennar saman med musikk frå Messiaen Quartet Copenhagen: tonar som gløder av den same nyfikna, frå naturen sine eigne landskap, skyer og myr, til dei minste klangpartiklane.

Kva høyrer me når me lyttar ordentleg etter? Og kva ser me når me torer å sjå etter det usynlege? Ei musikalsk oppdagingsferd der undring og leik står i sentrum - for born og nyfikne vaksne frå om lag 4 år.

MEDVERKANDE
- Messiaen Quartet Copenhagen
- Agnethe Sørlien, forteljar

Inngang: Gratis.
Billettar kan hentas ut på TicketCo.