PROGRAMOVERSIKT

Marit og brødrene Eikemo

Marit og brødrene Eikemo

søndag 13. september kl 16:00 - 19:00, Hesthamar skrivargard

Marit Eikemo i samtale med Kari Hesthamar.

Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast.
Men korleis ryddar ein i eit heilt liv? Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?

Romanen «Vi er brødrene Eikemo» fekk kritikarane til å trilla seksarar på terningen og blir hausten 2026 også til scenefortelling på Det vestnorske teateret. 

Marit har over ti romanar og novellesamlingar bak seg, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Denne søndagen møter ho journalist Kari Hesthamar til samtale på skrivargarden.

Dørene åpner kl. 16.00 med programstart kl. 17.00.

Inngang: kr. 218
Billettar kan kjøpast på Tikkio.