PROGRAMOVERSIKT

Motstandskraft + BIFF + Selskapet: BLAME

Motstandskraft + BIFF + Selskapet: BLAME

torsdag 5. mars kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet litteraturhus

I serien Motstandskraft, og i samarbeid med BIFF og Selskapet til Vitenskapens Fremme, vises dokumentarfilmar som handlar om den felles motstandskrafta vår.

Korleis skape beredskap for hovudet? Vi utforskar tematikkar som ytringsfridom, medieoffentlegheit, beredskap, tryggingspolitikk og demokrati.

Velkommen til visning av BLAME - ein spanande dokumentar om covid, forsking og konspirasjonsteoriar.

Tre år etter at pandemien vart erklært over, er Covid-19 framleis eit kontroversielt tema. Mange er kritiske til korleis styresmakter verda over responderte på spreiinga av viruset, og langt frå alle festar lit til forklaringa om opphavet til viruset. Dokumentaren BLAME følgjer tre forskarar som byrja å arbeide med virus frå flaggermus etter Sars-utbrotet i 2002. I 2013 åtvara dei mot moglegheitene for eit nytt virusutbrot, og det var denne åtvaringa som gjorde at dei seinare vart tildelte hovudrollene i ein politisert konspirasjonsteori om covid.

Målet til regissør Christian Frei er ikkje berre å presentere arbeida og konklusjonane til trioen, men å vise korleis den frie forskinga i dag stadig oftare kjem under press i ei polarisert offentlegheit der omstridde tema blir vektstenger for politisert debatt. Kriser skapar eit behov for enkle forklaringsmodellar, og desse er sjeldne samsvarande med det langsame tempoet til forskinga og høge krav til presisjon og pålitelegheit.

BLAME er ein fengslande dokumentarthriller om virusforsking, som utforskar vilkåra til sanninga i den digitale medierøyndommen i det tjueførste hundreåret.

Inngang: Gratis
Billettar fåes igjennom heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.