

I serien vår Motstandskraft, og i samarbeid med BIFF, viser vi dokumentarfilmar som handlar om den felles motstandskrafta vår. Korleis skape beredskap for hovudet? Vi utforskar tematikkar som ytringsfridom, medieoffentlegheit, beredskap, tryggingspolitikk og demokrati.
I det tjueførste hundreåret blir betydninga av ord som ’treng’ og ’må ha’ definert av det økonomiske systemet som styrer verda vår. Dei fleste av oss tek seg regelmessig i å tenkje at vi treng eit nytt par sko, nye negler eller ein storbyferie – men gjer vi eigentleg det? Dokumentarfilmen YOU NEED THIS rettar eit kritisk søkjelys mot forbrukarpropagandaen som i dag er ein såpass allstadnærverande del av kulturen vår at vi knapt nok legg merke til den. Det vi til gjengjeld gjer, er å konsumere – og jobbe meir for å kunne konsumere endå meir.
YOU NEED THIS er ein skarp satirisk analyse av eit manipulatorisk system som øydelegg både planeten og samfunnet vårt, og berre gagnar ein mikroskopisk elite.
Inngang: kr. 150
Billettar kan kjøpast igjennom heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.