

Helge Kaiser er interessert i paralellene mellom den nære historia vår under den kalde krigen, og dagens trusselbilete.
"Er Noreg førebudd på krig? Kanskje finst det ikkje eit endeleg svar. Men éin ting er sikkert: Skal vi stå i det som kan komme, må vi erkjenne at frykt vil vere eit dominerande element. Først då kan vi evne å byggje eit totalforsvar som evnar å reagere klokt, også når alt er kaotisk." skiv Jan Helge Kaiser, som kjem til Odda for å snakka om frykt, forsvar og kva vi kan lære oss av historia.
Kaiser er i dag brannsjef i Vestfold Interkommunale Brannvesen. Tidlegare har han arbeidd i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, som fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark, og i ni år ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Før dette har Kaiser tjue års erfaring frå forsvaret, der han tenestegjorde i Bosnia og i Kosovo.
Velkommen til ein samtale om frykt og forsvar, historie og totalberedskap på individ og samfunnsnivå.
Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast igjennom heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.