fredag 9. oktober kl 21:00 - 23:59, Iris Scene
Iris Scene inviterer vi til allsangfest 9. oktober.
Kvelden startar med ein uformell og kjekk musikkbingo: Vi speler læt i staden for å trekkja tal, og du kryssar av på brettet når du høyrer ein song som står der. Enkelt, sosialt og med premiar å vinna.
Etter bingoen får du sleppa laus di eiga praktfulle stemme og testa det nye karaokeoppsettet vårt i sammarbeid med SYNG!
Her er det mange låtar å velja mellom, og du kan få litt draghjelp frå originalvokalen om du ønskjer.
Ta mikrofonen åleine eller saman med ein venn, så køyrer me karaoke all night long.
Dørene opnar kl. 21.00.
Musikkbingo startar kl. 22.00.
Karaoke frå ca. 23.00 og resten av kvelden.
Gratis inngang og to gratis bingobrett til kvar!
Inga påmelding nødvendig. Men vil du sikra deg eit bord, kan du førehandsreservera på irissceneodda@gmail.com.