

Foreldre og dei aller minste inviteres inn i eit nært og sansande musikalsk rom. Gjennom enkle songar og musikk deler Silje Hveem Lofthus og musikarar frå Messiaen Quartet Copenhagen musikk som skapar nysgjerrigheit, nærleik og glede.
Ei varm og uformell stund der ein kan pusta, lytta og synga saman, og oppleva musikken heilt tett på. For foreldre med barn frå 0–2 år. I samarbeid med Ullensvang kyrkjelege fellesråd.
MEDVERKANDE
Silje Hveem Lofthus
Messiaen Quartet Copenhagen
Arrangementet er gratis og inkluderer matservering.
Grunna begrensa plass må det hentas billett på TicketCo.