Annabel er pianist og øver inn ein liten vals for piano av den norske komponisten Fartein Valen. Ho vil så gjerne få musikken til å danse, men strevar med det. Difor inviterer ho Trommelars på vitjing. Kanskje han – saman med publikum – kan hjelpe henne?
I denne framsyninga stiller vi spørsmål ved kva det er som gjer musikk til musikk. Kvifor er stilla ein del av musikken? Kanskje finn dei nokre moglege svar saman med barna. Det er moro, vakkert og lærerikt – og det finst ikkje noko fasitsvar.
Tilrådd barn frå 5 år.