PROGRAMOVERSIKT

Noko sein nyttårskonsert: Hjørnevik og Iversen.

Noko sein nyttårskonsert: Hjørnevik og Iversen.

fredag 23. januar kl 21:00 - 23:00, Iris Scene

Diktaren Jon Hjørnevik og den glade trubadur Dagfinn Iversen kjem på Iris Scene.

Etter å blitt tekne i doping vart dei utstengde frå oppdrag i Odda og omegne av Statens Dikttilsyn.

No er forfattaren, komikaren og diktaren Jon Hjørnevik alt her igjen.
Som alltid med Dagfinn Iversen og gitaren hans på slep.
Atter vert det det gamle gode skitet og nokre nye svisker.
Erotiske tanter, skakk joik, fulle pelsdyrkonsulentar, Sverre med fingen, eit lass med purreløk, Ålesund rundbrennarlag og farleg bruk av solarium. Og Den første kjeft eg høyra fekk og Eg vil elska i retning heimstaden min.

Inngang: kr. 300
Billettar kan kjøpast på TicketCo.