tirsdag 28. oktober - onsdag 19. november , Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen. 
Ullensvang kommunestyre vedtok på møte 06.09.23 at det kvar år skal delast ut ein frivilligpris i Ullensvang kommune.
	- Alle innbyggjarar kan melde inn kandidatar til prisen innan 19. november 2025, og ein kan nominere einskildpersonar, grupper eller foreiningar.
 
	- Ein nedfelt jury går gjennom nominasjonane og velger kven som får prisen blant desse. 
 
	- Overrekkinga vert gjort på FN's internasjonale frivilligheitsdag den 5. desember kvart år i eit eige arrangement.
 
	- Prisen består av ei innramma utmerking samt at prisvinnaren kan dela ut kroner 25.000,- til valfri frivillig organisasjon eller organisasjonar.
	
	Du kan lesa meir om dette i retninglinene til Frivilligprisen. 
Du kan nominere kandidat i digitalt skjema, eller hente eit fysisk nominasjonsskjema på innbyggartorget eller på frivilligsentralane i Jondal, Kinsarvik og Odda.
Takk for at du engasjerer deg!
Nominer kandidat