PROGRAMOVERSIKT

Nysteikte krotakaker

Nysteikte krotakaker

tirsdag 1. juli - tirsdag 5. august , Hardanger Folkemuseum

Kvar tysdag frå 1. juli til 5. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Rutemønsteret på kakene kjem frå eit spesielt kjevle. Kakene er steik over ope eld. Ein kan nyta dei turre, som flatbrød, eller bløyta dei og ha på smør, sukker, prim eller saltmat. Kom og sjå dei røynde bakstekonene i aksjon! Du smaka på kakene, og kjøpa kaker direkte i eldhuset, eller i museumsbutikken.