lørdag 9. mai kl 11:00 - 15:00, Smia - Smelteverkstomta
Kraftmuseet og Odda Smedforening inviterar til ope familiedag i smia lørdag 9. mai.
Veit du kva ein smed gjer? Har du lyst til å smi din eigne krok? Bli med på open familiedag inne i smia på den gamle smelteverkstomta i Odda, då vel!
Smeden har fyrt opp i smia, og besøkande kan sjølv få testa sine evner innan dette eldgamle handverket. Det blir sal av kaffi, brus og vaflar ved Kraftmuseet.
Inngang: Gratis
kr. 50 per person for å smi din eigen krok.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Kraftmuseet og Odda Smedforening.