torsdag 28. mai kl 19:00 - 20:00, Odda Frivilligsentral
LHL Odda jinviterer til ope møte på Odda Frivilligsentral 28. mai.
LHL Odda inviterer til eit hyggeleg og ope møte for alle som er interesserte i
helse, tryggleik og lokalt engasjement.
Sigbjørn Kleppe, brannsjef i Ullensvang Brann & Redning og Karine Einang, rådgjevar og kursansvarleg i Einang Safety kjem for å snakke om temaet beredskap og branntiltak, og dele kunnskap om kva vi som enkeltpersonar kan gjere for å vere betre førebudde.
I tillegg vil leiar Jan Oddvar Gjerde i LHL Vestland informere om aktivitetar og tilbod i LHL. Når sjukdom rammar, treng vi kvarandre. Eit hjarteinfarkt, ei lungesjukdom eller eit slag kan endre livet på eit augeblink. Då betyr fellesskap
og støtte alt.
LHL ønskjer no å revitalisere LHL Odda, som vart stifta under namnet Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon avdeling Odda i oktober 1946. Første leiar var Erling Mathiassen. Laget fyller med det heile 80 år til hausten.
Kaffe og lett servering frå kl. 18.30.
Alle er hjarteleg velkomne.