

Har du vore på kurs hjå Hardanger Folkemuseum før, men ikkje kome i mål? Kanskje du har ein halvferdig bringklut, treng hjelp med monteringa, står fast på nokre av stinga i hardangersaumen, eller har gløymt korleis kniple-halvslaga eigentleg skulle gjerast? Eller kanskje du berre vil setja av ei helg til hyggeleg samvær og sying?
Dette er kurset for deg som treng litt hjelp, ein dytt for å koma i gang att, og/eller syns det er kjekt å vera på kurs. Du kan ta med kva prosjekt du vil, innan hardangersaum, bringklut og belte, smøyg, svartsaum, metallknipling, sjonaleist-strikking eller montering av skjorte og forkle. Det er mogleg kurslærar også kan hjelpa med andre prosjekt, men ta kontakt på førehand og høyr. Kurset er arrangert av Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp eitt oppfølgingskurs i 2026, med Agnete Sivertsen som kurslærarar.
Kurset går over to dagar, laurdag 21. og sundag 22. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag.
Pris:
Medl. Folgefonn / Noregs Husflidslag: kr. 3400
Ikkje medlem: kr. 3900
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 9. februar 2026