PROGRAMOVERSIKT

Pårørandeskule - hausten 2026

Pårørandeskule - hausten 2026

tirsdag 6. oktober kl 18:00 - 21:00, Eide helsetun

Kurs og temabaserte gruppesamtaler for pårørande til personar med demens.

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Gjennom faglege forelesarar, plenums -og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens. Kva følgjer kan sjukdommen ha for personen som vert råka, deg som pårørande og dine omgjevnader?

Pårørandeskule har som målsetjing:

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.
  • Auka forståing for kommunisering og samhandling.
  • Betra kvaliteten på samværet med personen med demens.
  • Hjelpa pårørande å få betre kjennskap til rettar og aktuelle lover.
  • Korleis få kontakt med hjelpeapparatet? Kven kan hjelpe?
Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande i same situasjon.

Kurset er over 4 samlingar med følgjande tema:


​Tysdag 15.09.26

  • Dei ulike demenssjukdommane. 
  • Førekomst, årsaker og symptom
  • Førarkortvurdering v/Torbjørn Bjotveit

Tysdag 22.09.26

  • Kommunikasjon v/Synnøve Bremer Skarpenes

Tysdag 29.09.26

  • Fysisk aktivitet, hjelpemiddel og velferdsteknologi  v/Kamilla Lauritzen og Celina Ramstad

Tysdag 06.10.26

  • Tenester i kommunen v/Nina Nordeide Torsnes
  • Kort info om “Sistehjelp” v/Hege Langballe Lyssand


Påmelding på Ullensvang kommune si heimeside.
eller  
Du kan og melda deg på ved å senda ein SMS eller e-post til:

Hannelore Schweitzer, Demenskoordinator, Ullensvang kommune
Tlf: 903 61 745
E-post: hannelore.schweitzer@ullensvang.kommune.no

Liv With, Ullensvang Demensforening
Tlf.: 952 46 071
Epost: liv.with@gmail.com

Dagfrid Nilsen, Ullensvang Demensforening
Tlf.: 481 12 520
E-post: dagfridnilsen@hotmail.com

Kurset er gratis.