PROGRAMOVERSIKT

Pianokonsert med Edyta K. Bryk

Pianokonsert med Edyta K. Bryk

fredag 13. desember kl 18:00 - 20:00, Hesthamar skrivargard

Førjulsstemning i Skrivarhuset.

Denne kvelden vert det pianokonsert ved Edyta K. Bryk. Etter konserten vert
det mat og sosialt samvær i julepynta stover.
Edyta Kinga Bryk vart uteksaminert frå University of South Florida, med ein
mastergrad i fiolinutøving, og frå Frederic Chopin Musikk Universitet i
Warszawa med ein mastergrad i instrumental pedagogikk, med fordjuping i
fiolin. Ho har også studert kyrkjeorgel/liturgisk musikk hos NLA i Oslo. Ho har
over 20 års undervisningserfaring og omfattande erfaring som orkestermusikar.
I 2010 flytta ho til Noreg og er busett på Utne. Edyta er medlem av Orkesteret
Fossegrimen på Voss, og ho har også vore innleigd av Opera Bergen. For tida
arbeider ho som fiolin- og pianolærar ved Kvam Kulturskule, Voss kulturskule
og som organist i Granvin og Ulvik.

Billettsalet er ikkje starta enno