PROGRAMOVERSIKT

Pilegrimstur - Krossdalen - Reisæter

Pilegrimstur - Krossdalen - Reisæter

lørdag 4. juli kl 08:00 - 19:00, Jondal

Bli med på Pilgruimstur frå Krossdalen til Reisæter 4. juli.

Dette er ein utruleg flott tur i storslagen vestlandsnatur. Turen er ein krevjande dagstur, svart løype, lengde vel 14 km, bratt oppstiging frå ca 550 m.o.h. til ca 1400 m.o.h  og etter fjellplatået, følgjer bratt nedstiging frå ca 1200 m.o.h til ca 300 m.o.h. Bratt oppstiging og nedstiging fordrar at ein ikkje slit med balanse- eller større kneproblem. Deltakarane må vere vane med ulendt terreng, vere i normal "fjellform" og vere utrusta med gode fjellsko, gjerne gamasjar, ha vottar/ lue og ull- vind- og regntøy i sekken, samt godt med niste. For å gå turen, må ein i utgongspunktet vere i stand til å gå turen på eigne bein ved eiga hjelp. Ved turstart eller seinast oppe ved ura snur dei som ikkje bør gå turen vidare.

Pilegrimsvegen er merka med varding, men dersom nokon vil gå turen utan turleiar, bør dei vere godt trente, fjellvante, godt utstyrte og kunne orientere seg etter kart med kompass. Der er dårleg eller ingen mobildekning på fjellpaltået. Dette er høgfjell, der er vêrhardt, vêr og vind kan skifte, og skodda kan kome fort og bli liggande tett og lenge. 

Påmelding pr. sms 91394982 innan kl. 12.00, 1. juli.
Pris:
Vaksne: kr. 300
Barn: kr. 100
Skyss kjem i tillegg.
Betaling til VIPPSnr. 528816 (Jondal sokn) eller kontant ved oppmøte