

Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir eldre, og kva kan vi gjere for å forseinke utviklinga? Kva vil det seie å bli eldre, og korleis takkel vi overgangar og endringar i den delen av livet?
Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valla kjem til Sentralbadet litteraturhus for å fortelje muntert om livet, aldringa til kroppen og overgangen til pensjonisttilværet – ein fase som kan vere både forløysande og forvirrande.
Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men også identitetsendringar, nye roller og endring i relasjonar.
Inngang: kr. 300
Billettar kan kjøpast på Sentralbadet Litteraturhus sine heimesider.