lørdag 10. januar kl 19:30 - 21:00, Sentralbadet Litteraturhus
Roar Brekkes femte lengre soloshow "For å seia det sånn" - på heimebane.
Etter tre tiår med standup, skråblikk og kroppsleg komikk, er Roar Brekke endeleg tilbake med eit splitter nytt show – og denne gongen feirar han stort! For å seia det sånn er ikkje berre ein tittel, det er ein frase som rommar alt frå livsvisdom og herlege betraktningar, til fullstendig galskap.
I dette jubileumsshowet tek han publikum med på ei reise frå barndom og ungdomstid i Odda, gjennom 30 år med humor, tabbar, triumfar og tabbar. Med si unike evne til å kombinera fysisk humor, skarpe observasjonar og elleville sketsjar, leverer Roar eit variert show som både får deg til å le høgt og nikka gjenkjennande.
Anten du har følgt Roar sidan Hardangar dansar ikkje disco, berre har sett han på sosiale medium eller du møter han for første gong – unn deg dette. Ein latterbonanza levert med den kroppen, stemma og timinga berre Roar kan by på.
Dette blir ein fest. For å seia det sånn.
Inngang: kr. 320
Billettar kan kjøpast på 
TicketCo.