PROGRAMOVERSIKT

Rock the 80's i Romjula!

Rock the 80's i Romjula!

lørdag 27. desember kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Iris Scene inviterar til Rock the 80's.

Rock The 80s er eit bandprosjekt med Terje Hultstrand i spissen. Ein tribute til kjende (og nokon sikkert gløymde) perler frå den melodiøse hardrocken til 80-talet, og her blir det ikkje spart på krutet! Me får høyra låtar frå band som Bon Jovi, Europe, Foreigner, Rainbow, Queen og Poison, for å nemna nokon. Det blir tilrådd å ta med songstemma! Med seg i Rock The 80s har Terje musikarar frå øvste hylle i rockebyen Odda: Kjell Arne Bauge, Bjarte Haara, Geir Aksnes og Steinar Andre Lysfjord.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.