PROGRAMOVERSIKT

Rosa sløyfe-løpet Odda 2026

Rosa sløyfe-løpet Odda 2026

tirsdag 29. september kl 17:30 - 19:00, Odda Stadion

Velkommen til Rosa sløyfe-løpet Odda 29. september.

I samarbeid med Brystkreftforeninga Ullensvang og omegn er me glad for å endeleg kunne informera om at årets Rosa sløyfe turmasj er bytta ut med Rosa sløyfe løpet, og me håper at både store og små stiller på startstreken denna dagen.

Her kan du rusla, gå, gogga, jogga eller gi alt i årets løp! Det er verken krav til form eller fart, og du tar turen i ditt tempo utan tidtaking, men kle deg gjerna i noko rosa Ved å delta i løpet bidrar du til livsviktig forskning på brystkreft, samstundes som du viser di støtte til alle som er ramma - uansett om du går eller løper.

Deltakarpakken inneheld startnummer, hals, bag og medalje. Påmelding kostar kr 400.
Deltakarar frå 9–18 år får rabattert pris ved Ung-påmelding.

Miniløp for barn 3 - 9år er gratis og går 2 rundar rundt banen (800 meter). Barn får utdelt medalje etter fullført løp. Husk påmelding sjølv om det er gratis.

Løpet blir arrangert ved idrettsbanen på Eide og har tre distansar.

  •  Miniløp 800m - start kl 17.30
  •  Kort løypa (3 km) - start kl 18.00
  •  Lang løypa (ca 5,5 km) - start kl 18.00