søndag 22. mars kl 17:30 - 19:00, Hardanger Folkemuseum
Foredrag ved Johild Mæland: Roser, kunst og krot - om dekormaling og kunst på treverk.
Rosemåling, karveskurd og svidekor finn me på ei rekkje, vakre bevarte gjenstandar frå 1700- og 1800-talet. Dei kjem frå gardane kring Hardangerfjorden, og var ein del av dagleglivet til folk før i tida. Det var langt frå tilfeldig kva for gjenstandar som vart dekorerte. Her er kjenger med hestehovud, rosemåla bollar, lagga staup ved svidekor.
Inngang: Gratis
Arr. Hardanger historielag