mandag 12. mai kl 09:00 - 17:00, Jonatunet - Jondal
Eit program for samspel og sosial kompetanse.
I workshop Sabona på 1-2-3 tek me opp spørsmål som:
– Veit du forskjellen på og samanhengen mellom konflikt og vald?
– Veit du kvifor kunnskap om desse omgrepa er avgjerande for å kunna løysa konfliktar?
– Veit du kvifor beskjed om å vera omsynsfull og «snill» kan ha motsett effekt i ein konfliktsituasjon?
– Veit du korleis du på ein konstruktiv og nyttig måte kan snakka med folk som er i konflikt?
– Har du gode strategiar for kva du kan gjera om du sjølv er i ein konfliktsituasjon?
– Veit du kvifor det kan vera øydeleggjande for barn å få dei til å tru at dei skal unngå konfliktar?
Me er alle ‘spesialistar på å løysa konfliktar, sidan me har trena så lenge me har levd. Konflikthandtering går på autopilot, og følgjer innlærte mønster.
Me møter konfliktar med ulike strategiar, og måten me angrip dei på får noko å seia for utfallet. Har ein ein vinnar, står det som regel igjen ein tapar. Ved å vera merksam på strategiar og konsekvensar, kan ein lettare velja konstruktive framgangsmåtar.
Det handlar ikkje om å ‘gi seg', vera ‘snill' eller ‘ettergivande'. Det handlar om å ha praktisk kunnskap om kva konfliktar er, og korleis dei kan løysast. Fredsundervisning og opplæring i konflikthandtering på alle nivå er eit av dei viktigaste innsatsområda for å fremja og styrkja ein global fredskultur.
Sabonametoden er basert på forsking av den første fredsprofessoren i verda, Johan Galtung, og undervisningsopplegget hans i fredsarbeid for FN. Metoden er utvikla i samarbeid mellom Johan Galtung og mellom anna Synøve Faldalen. Verktøya i Sabona kan brukast som øving i å sjå kvarandre frå tidleg i livet i alle dei små og store konfliktsituasjonane som oppstår – og som alltid har utviklingspotensialet i seg.
«Sabona» betyr «hei» – «eg ser deg» – «eg anerkjenner eksistensen din». Ordet er opphavleg zulu, og blir nytta som ei vanleg helsing i fleire afrikanske land. Sabona vart valt som namn på verktøykassa fordi det symboliserer den grunnleggjande haldninga: «Eg ser deg – og er villig til å sjå bak kva du gjer til målet bak handlinga«.
Kursavgift: kr. 500
Medl. & student: Gratis