

Det blir tur på fjorden med guide og servering om bord
Påmelding til senioruniversitet.ullensvang@gmail.com eller SMS til 95730276 (Amund).
Opplegget for turen er at vi går om bord i Fjæra kl. 12.00.
Deltakarane må sjølv syta for skyss til Fjæra, eller bestilla skyss, då får ein skyss i bilen til ein i styret. Vi startar på Lindeplassen kl. 11.00 Fast takst for alle som reiser med andre for tur/retur er kr. 100
Send SMS til 95730276, for å bestilla skyss.
Turen kostar kr. 950, men medlemmer betalar berre kr. 750!
Det blir mat om bord, meld frå om allergiar
I tillegg til guide blir Geir Arne Eikemo, bror til Liv Eikemo Opdal, med og fortel om livet langs fjorden. Geir Arne fortel om gard og drift på det veglause bruket sitt. I tillegg får vi sjå og høyra om andre veglause bruk, der som ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Arrangøren skriv «Tar du turen med "Stein Viking" på Åkrafjorden, kan du føle det kalde friske vatnet frå Langfoss i ansiktet. Du kan og få smake vatnet før det renn ut i fjorden, då mannskapet går direkte inn i fossen og hentar vatn i ein pøs som så serveres i glas.
I tillegg til den spektakulære Langfossen får du på denne turen oppleve veglause gardar, gamalt vassdrevet sagbruk, spesielle fjellformasjonar og mykje anna. Er du heldig får du også sjå havørn på nært hald».