

I innlegget vil Akselberg leggja vekt på korleis språk er på reisefot heile tida.
Språket reiser frå minutt til minutt, frå time til time, frå år til år, frå tiår til tiår, frå hundreår til hundreår, og frå tusenår til tusenår.
Difor er språket vårt i dag slik som det er.
På slutten av foredraget vil og Akselberg truleg koma inn på språket i Hardanger og Ullensvang
Akselberg er professor, språkforskar, namneekspert, vossing og kanskje mest kjent som tv-kjendis.
Linda Eide frå Språksjov er ikkje med denne gong, men Gunnstein er også kjent for humor i foredraga sine.
«Latteren sitter løst når professor Gunnstein Akselberg holder forelesning»
Akselberg har helde foredrag ved Senioruniversitet i mange år om forskjellige tema, ofte med en humoristisk stil.
Alle hjarteleg velkomne både medlemmar av Senioruniversitetet i Ullensvang eller ikkje.
Inngang: kr. 50 / kr. 150 (medl. / ikkje medl.)