PROGRAMOVERSIKT

Senioruniversitetet i Ullensvang - AAVLYST!!

Senioruniversitetet i Ullensvang - AAVLYST!!

onsdag 23. oktober kl 11:30 - 13:30, Iris Scene

Tema: NORDVESTPASSASJEN – frå myte til turistrute gjennom eit halvt tusenår.

Foredragshaldar BÅRD KOLLTVEIT - frå Ås (opphaveleg frå Odda).
I 1992 gjorde Bård Kolltveit, oppvaksen i Odda, med 37 år ved Norsk Sjøfartsmuseum som konservator, direktør og forskingsleiar, den første av tre reiser gjennom Nordvestpassasjen, som førelesar på passasjerskip. Den tredje og siste ferda hans gjekk i 2012 med «leilighetsskipet» «The World». 

I 1903-1906 førte Roald Amundsen jakta «Gjøa» gjennom Nordvestpassasjen. Det var fullføringa av 400 års leiting, fylt av dramatikk og tragedie, etter ein sjøveg mellom Atlanterhavet og Stillehavet nord for Amerika. Ei historisk innføring om den forvitnelege sjøvegen, saman med film frå tur i 2012.

Inngang: kr. 80 / kr. 150 (Medl. / Ikkje medl.)