PROGRAMOVERSIKT

Skogkulturmøte på Lofthus

Skogkulturmøte på Lofthus

tirsdag 17. november kl 18:00 - 19:00, Ullensvang Fruktlager

Hovudtema for kvelden er «planlegging av hogst».

Tysdag 17. november inviterer Skogselskapet i Bergen og Hordaland til møte om skogkultur på Ullensvang Fruktlager klokka 18.00. Møte vert gjennomført i samarbeid med FramTre, med støtte frå Statsforvaltaren i Vestland og Ullensvang kommune.

Rolf Erling Loe frå Skogkurs og Atle Almeland frå Skogselskapet Bergen og Hordaland deltek denne kvelden. Dei kjem mellom anna til å snakke om ulike investeringar i samband med hogst, riktig bruk av skogfond og vidare oppfølging av hogstfelt. Ein representant frå FramTre vil delta denne kvelden. Det vil vera mogleg å stille spørsmål til alle tre undervegs eller i etterkant av møte.