

Skkredløpet gjekk av stabelen for fyrste gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. Dette talet har stege jamnt - til om lag 400 dei siste åra.
Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgivelser opp til Kvestadstølane og Herseter. Når ein nærmar seg dette området, er utsikta overveldane. Her når ein også det høgaste punktet i løypa - før det stort sett er unnabakke heilt ned til mål på Reiseter. Løypa er totalt ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.
Påmelding:
Skredløpet m/k født 2008 og eldre: kr. 200
Kortbeintløpet m/k født 2009 - 2018: kr. 100
Du kan melde deg på sida Racetracker.