PROGRAMOVERSIKT

SKREDLØPET 2027 - 20 ÅRSJUBILEUM

SKREDLØPET 2027 - 20 ÅRSJUBILEUM

lørdag 5. juni kl 10:00 - 15:00, Nyeslåtten - Nå

Velkomen til Skredløpet 2027 5. juni 2027

Skredløpet gjekk av stabelen for fyrste gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. Dette talet har stege jamnt - til om lag 400 dei siste åra.

Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgivelser opp til Kvestadstølane og Herseter. Når ein nærmar seg dette området, er utsikta overveldane. Her når ein også det høgaste punktet i løypa - før det stort sett er unnabakke heilt ned til mål på Reiseter. Løypa er totalt ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.

Påmelding Skredløpet 2027