PROGRAMOVERSIKT

Sommerkonsert med D.D.E.

Sommerkonsert med D.D.E.

fredag 17. juli kl 18:00 - 21:00, Korlevoll

Sommerkonsert på Korlevoll med D.D.E. 17. juli.

I 2026 er det 30 år sidan D.D.E. berika verda med utgivinga «Det går likar no». Albumet er eit av dei mest selde norskspråklege gjennom tidene, og set sitt preg på året og på den store finalen i Trondheim Spektrum utpå hausten. D.D.E. lovar ein allsong store arenaer verdig, når albumet blir feira gjennom årets store og små konsertar!
Då D.D.E. gjekk i Oslo Lydstudio i februar 1996, ante dei lite om korleis livet skulle bli nokre månader seinare. 13 flunkande nye D.D.E.-songar vart til albumet «Det går likar no», songar som har vorte ein del av lydsporet til oppvekst, ungdomstid og vaksenliv for mange. Og om det er fest, trivsel eller allsong ein knyter til D.D.E., er det også plass til alvoret og ettertanke i universet til trønderrockarane.
«Det går likar no» er ein av dei største kommersielle suksessane i norskspråkleg musikkhistorie, og selde til gull kvar månad, i ni månader på rad i 1996-1997. Songane frå albumet har naturleg nok prega reportoaret sidan. I samband med at det er 30 år sidan utgivinga, erklærer D.D.E. heile 2026 for eit «Likar år»!
Bandet er i 2026 i sitt trettifemte år, og lovar framleis energi, nærvær og den nærast fandenivaldske trongen til å engasjera og underhalda dei har hatt gjennom ein lang karriere.
Få artistar har greidd å leggja nye ord til det norske språket. Men roper ein eit oppmodande «her bli det livet» ut i ein nær sagt kva forsamling som helst, vil som oftast eit med ein gong og rungande «RAI RAI» komma i retur. Og då er det berre å halda fram med “Det umoglege e mogleg”, “Vinsjan på kaien”, “Det går likar no”, “E6”, “Det fine me hadd saman”, “Rompa mi” eller “Ka e det du vil”.
D.D.E. kjem frå Namsos, ein liten by i distrikt-Noreg. Mantraet til bandet har vore sidan starten i 1992, å spela der folk bur og lever sine liv. Om det er bygd eller by, ved kysten eller i innlandet, øy og fjell i nord eller sør; D.D.E. har sannsynlegvis vore der eller like i nærleiken. Sjansen er derfor stor for at bandet også i 2026 kan seia: «Me gler oss til å komma tilbake!»

Dørene åpner kl. 18.00 med konsertstart kl. 19.00.

Inngang: kr. 695
Billettar kan kjøpast på Ticketmaster.