Berit Opheim og Lajla Storli har i mange år bruka tid på songskatten frå Hardanger og Voss. Dei har jobba mykje med å finne fram songmateriale, og er begge viktige formidlarar av folkesongen på Vestlandet.
No vil dei dele denne kunnskapen og målet er å opplyse om kva som finnes av materiale, inspirere folk til å bruke det i skule, barnehage, frå scenen eller anna formidlingsarbeid. Dette er også eit kurs for dei som berre vil lære seg songar, og auke repertoaret og kunnskapen rundt temaet folkesong. I 2027 er det 100 år sidan Vestlandets største folkesonginnsamlar Olav Sande døydde, det er difor naturleg å gje god plass til songar ein finn i hans samlingar.
Kurset vil og informere om dei ulike kjeldene og kva type songar ein finn innafor feltet folkesong. Ein vil gå i dybden av balladar, viser og stev frå Hardanger og Voss, og jobbe med stil og formidling av stoffet. Stemmebruk og teknikk vil og vere ein del av undervisninga.
Kurset startar 12. november kl. 17.30 og avsluttar 13. november kl. 20.30.
Påmelding innan 7.november: ls@lajlastorli.no
Kursavgift: kr. 1000